Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Planoppstart: utviding/endring av Aksdal Næringspark

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Aksdal N13

Varsel om oppstart av utviding/ endring av reguleringsplan for Aksdal Næringspark.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 blir det varsla igangsetting av arbeid med utviding/endring av gjeldande detaljreguleringsplan for Aksdal Næringspark, gards- og bruksnummer 8/10, 8/71, m.fl.

Føremålet med planarbeidet er ei utviding av gjeldande reguleringsplan for Aksdal Næringspark, til å inkludere arealet som ligg aust for E39 (område N13). Området som utvidinga gjeld er om lag 100 daa og er avsett til næringsføremål i kommuneplanen. Arealet er tenkt endra til kombinert næring/offentleg føremål, som vil gje ei opning for etablering av fengsel og eventuelt etablering av bensinstasjon/truckstopp. Kommunen ynskjer også å endre område N12 i næringsparken til kombinert næring/offentleg føremål, og såleis opne opp for ei mogleg etablering av fengsel også her.

Samstundes med utvidinga av næringsparken er det også eit ynskje om å endre føresegna i den eksisterande delen av næringsparken til å opne for handel med traktorar, bilar med meir, samt etablering av bensinstasjon/ truckstopp eller eventuelt fengsel.  

Planarbeidet er delvis i samsvar med overordna kommuneplan. Kommunen ser ikkje grunnlag for eit krav om utarbeiding av planprogram i henhold til pbl. § 4-1, men det er klart at det må gjerast ei grundig konsekvensutgreiing som del av planomtala, jf. § 4-2. Etter pbl. § 4-2, 2. ledd skal planomtala gje ei særskilt vurdering og omtale av planen sine verkandar for miljø og samfunn. Denne konsekvensutgreiinga vil mellom anna ta føre seg endringane i frå næringsføremål til kombinert næring/offentleg føremål, og kva verknadar dette kan føre til, samt endringane i planføresegna.

 

Planarbeidet blir utført av Tysvær kommune, i samarbeid med Aksdal Næringspark AS, og spørsmål om planarbeidet kan rettes til Tysvær kommune, forvaltningsavdelinga.

 

Eventuelle merknadar må sendast til:

Tysvær kommune v/ forvaltningsavdelinga

Eventuelt til: post@tysver.kommune.no

MERK: utviding/endring av reguleringsplan for Aksdal Næringspark

Merknadar må sendast innan: 01.09.2016.