Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Søknad om utvida produksjon Ringja

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Oversiktskart
Marine Harvest har søkt om utviding av maksimal tillatt biomasse (MTB) ved lokalitet nr 11964 Ringja i Tysvær kommune.


 

Marine Harvest Norway AS søkjer om løyve til endring av oppdrettsanlegg for matfisk på lokalitet Ringja i Tysvær kommune. Det er søkt om utviding av maksimal tillat biomasse (MTB) frå 4680 tonn til 5460 tonn.Tiltaket medførar ikkje fysisk utviding av anlegget.

Lokaliteten ligg i eit område avsett til «akvakultur» og « fiske, ferdsel og akvakultur» (FFA) i gjeldande kommuneplan.

Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset i Aksdal, og på heimesida til Tysvær kommune; www.tysver.kommune.no.

Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiingar, og skal derfor vurderast etter § 3 i same forskrift. Rogaland fylkeskommune har kome til at tiltaket ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Dersom berørte partar meiner at tiltaket kan få vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn som ikkje er tilstrekkeleg belyst i søknaden ber ein om å få tilbakemelding om det.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast til Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal eller e-post til: post@tysver.kommune.no innan 21.07.2016 Merkes ref 2011/2803.

 

Vedlegg:

Brev frå Rogaland fylkeskommune

Søknad om utviding av lokalitet Ringja

Søknadsskjema

Straummålingar

MOM B rapport 2015

MOM C rapport 2015

Rapport naturtypekartlegging

Situasjonskart og teikningar

Kartlegging av botn