Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppstart reguleringsplan hestesportanlegg Skeiseid

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Kart med Kplan

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-4 blir det varsla igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for hestesportanlegg på Skeiseid, gards- og bruksnummer 70/1 og 3.

 

Føremålet med planarbeidet er å tilrettelegge for eit idrettsanlegg, kor primærbruken vil vere hestesport, men òg med opning for hundesport. Hovudføremålet i reguleringsplanen blir idrettsanlegg. Planarbeidet inneber også vurdering av tilkomst til området, samt areal til parkering.

Planarbeidet er delvis i samsvar med overordna kommuneplan. Det aktuelle området blei tatt inn i kommuneplanen i 2012, og var då berre ei grov skisse over området. Etterkvart som ein har fått meir detaljerte planar for kva som skal vere ein del av idrettsanlegget, er også planområdet utvida til å inkludere noko LNF-område rundt det avsette området. Kommunen meiner at det er gode grunngjevingar for denne utviding av planområdet, og ser ikkje behov for utarbeiding av planprogram og konsekvensutredning i henhold til plan- og bygningslova § 4-1 og 4-2. Det vil bli gjort ei nærare utgreiing om utvidinga av planområdet som ein del av planomtala.

 

Planarbeidet blir utført av Tysvær kommune, i samarbeid med Haugaland Hestesport Arena, og spørsmål kan rettes til Tysvær kommune v/ Linda Dehlin Fluvåg.

Eventuelle merknadar må sendast til:

Tysvær kommune

Forvaltningsavdelinga v/ Linda Dehlin Fluvåg

Pb. 94

5575 AKSDAL

Eventuelt til: post@tysver.kommune.no

MERK: reguleringsplan for hestesportanlegg på Skeiseid

Merknadar må sendast innan: 10.06.2016

Vedlegg:

pdf icon Kart