Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Søknad om utvida produksjon Halsavik

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Oversiktskart Halsavik
Marine Harvest Norway AS har søkt om utviding av maksimal tillatt biomasse (MTB) ved lokalitet nr. 18639 Halsavik.

 

Marine Harvest Norway AS søkjer om løyve til endring av oppdrettsanlegg for matfisk på lokalitet Halsavika i Tysvær kommune. Det er søkt om utviding av maksimal tillat biomasse (MTB) frå midlertidig gjeldande 3120 tonn til permanent 4680 tonn. Tiltaket medførar ikkje fysisk utviding av anlegget.

Lokaliteten ligg i eit område avsett til «akvakultur» og «fiske, ferdsel og akvakultur» (FFA) i gjeldande kommuneplan.

Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset i Aksdal, og i linkane under. 

Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlovar, og skal derfor vurderast etter § 3 i same forskrift. Rogaland fylkeskommune har kome til at tiltaket ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Dersom berørte partar meiner at tiltaket kan få vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn som ikkje er tilstrekkeleg belyst i søknaden ber ein om å få tilbakemelding om det.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast til Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal eller e-post til: post@tysver.kommune.no innan 06.05.2016. Merkes ref 2012/1039.

Dokument i saka:

Oversendingsbrev frå ROGFK

Søknadsskjema

Vedleggsbrev

Strømsrapport

Rapport: Økologisk tilstand av fjøresonen Halsavika 2014

MOM-C Halsavika 2015

MOM-B Halsavika 2015

Bunntopografi

Sjøkart

Tegning anlegg