Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Mindre endring av reguleringsplan for Padlane Aust

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .


I henhold til plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om at det er planlagd ei mindre endring av gjeldande reguleringsplan for Padlane Aust.

 

I samband med detaljplanlegging blei det avdekka at breiddar på vegar og forau i reguleringsplanen ikkje er i tråd med dagens krav til kommunale vegar. Planendringa vil då gå ut på å endra breidda på fortau ved at tomtearealet B2 blir flytta litt mot nord og aust, inn i friområdet. I tillegg er det andre små endringar, mellom anna å slå samen to små leikeplassar til ein stor, det er tekina inn sti, nokre vegar er lagt om, bustadområde K3 og K4 er slått samane til eit felt. Sjå vedlegg for nærare omtale av endringane.

Planen vil bli føreslått fremma som ein mindre reguleringsendring, og dette kan då vere einaste moglegheit til å kome med innspel og merknadar.

Det er vurdert at planen ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn og det er difor ikkje utarbeidd planprogram etter plan- og bygningslova § 4-1.

 

Eventuelle merknadar og innspel kan sendast til Tysvær kommune innan 26.04.2016:

Teknisk avdeling, Forvaltning

Pb. 94, rådhuset

 5575 AKSDAL

 

 Vedlegg:

- Skriv om endringar

- Eksisterande plankart

- Forslag til endra plankart