Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Innbyggarhøyring Kommunereform 2020

Skrevet av Trond Tindeland .

kommunereform
Regjeringa la i samband med kommuneproposisjon for 2015 ein plan for kommunereform-prosess i denne stortingsperioden. Tysvær kommune ønskjer DINE innspel om framtidig kommunestruktur.

 

Tysvær kommune har i tråd med føringane frå regjerina vurdert om det er nabokommunen det kan være aktuelt å slå seg saman med, og har vurdert føljande alternativ for framtidig kommunestruktur som aktuelle:

-  Tysvær kommune held fram som ein kommune (0-alt.)
- Tysvær slår seg saman med Bokn kommune (1-alt.)
- Tysvær inngår i ein større kommune på ytre Haugalandet (2-alt.)

Utgreiingsrapportar for desse alternativa vart godkjende for innbyggarhøyring i formannskapet den 8.3.2016.

Tysvær kommune er positive til ei samanslåing med Bokn kommune og har signert intensjonsavtale med Bokn kommune om samanslåing. I tråd med vedtaket i formannskapet vert også signerte intensjonsavtale med Bokn kommune lagt på høyring samstundes med utgreiingsrapportane.

Før kommunestyret tar endeleg stilling til kva alternativ dei vil tilrå for framtidig kommunestruktur er det ønskjeleg å få innspel frå innbyggarar, næringsliv, tilsette og lag og organisasjonar gjennom innbyggarhøyring. I samband med innbyggarhøyringa vert det arrangert folkemøte der utgreiingsalternativa vert presentert på Tysværtunet 15.3.2016

Alle rapportar og høyringsdokument finn du i vedlegga nedanfor. Du finn og tidlegare enkeltsaker og rapportar under Kommunereform 2020. Høyringsdokumenta ligg og til offentleg ettersyn på Servicetorget i Tysvær rådhus.

Høyringsdokument i saka:

pdf icon  Særutskrift frå FSK sak 8.3.2016
pdf icon  Samla rapport for 0 og 1. alternativet – Tysvær aleine eller Bokn og Tysvær saman
pdf icon  Mulighetsstudie om storkommune på ytre Haugalandet
pdf icon  Intensjonsavtale mellom Bokn og Tysvær kommunar

pdf icon  Presentasjon fra folkemøtet 15. mars 2016  


Dersom du ønskjer å gje innspel til kommunen om framtidig kommunestruktur kan du gjere det via den digitale høyringsløysninga:

Arrow left TKblue  www.tysver.kommune.no/hoyring


Eventuelle merknader kan og sendast skriftleg til Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal, eller på e-post: post@tysver.kommune.no.

Høyringsfristen for innspel om framtidig kommunestruktur er sett til 30. april 2016.