Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppgradering av kraftleidning Spanne - Klovning

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

NVEHaugaland Kraft har søkt NVE om oppgradering av eksisterande 66 kV leidning mellom Spanne og Klovning. Søknaden er no på høyring og torsdag 21.januar kl 19.00 blir det arrangert ope møte om saka i Aksdal.

 

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Haugaland Kraft om å oppgradera eksisterande 66 kV leidning Spanne - Klovning med auka tverrsnitt i same trasè som dagens leidning, eller parallelt med eksisterande leidning. Dagens leidning vert riven. Bakgrunnen for søknaden er at Haugaland Kraft må auke kapasiteten i eksisterande nett for å kunne knyte til konsesjonsgjeven vindkraft.

Det blir arrangert ope møte om saka torsdag 21.januar kl 19.00 på Rådhuset, Aksdal. På møtet vil NVE orientere om den formelle handsaminga av søknaden medan Haugaland Kraft vil orientere om prosjektet. Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Tysvær og Karmøy kommunar

Søknaden kan ein også finne elektronisk på NVE sine nettsider her.

Alle som har meiningar om saka kan sende uttale til Noregs vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller nve@nve.no innan 17. februar 2016.