Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppstart av planarbeid - Fortau langs Førresvegen

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Bilde til nettsida Førresvegen plangrense
Det blir med dette varsla oppstart av regulering av fortau langs Førresvegen mellom Vestli og Førre kyrkje.

 

Etter oppstartsmøte 09.09.2015 og i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) §12-8 blir det med dette kunngjort start av arbeid med detaljregulering for fortau langs Førresvegen, gbnr 79/1024 med fleire. Planmrådet er i frå grense i reguleringsplan ”Vestli” til eksisterande gang- og sykkelveg ved Førre kyrkje.

Det er avklart at planen ikkje krev planprogram eller konsekvensutgreiing etter pbl §§ 4-1 og 4-2.

På det aktuelle vegstrekket fungerer Førresvegen i dag som kommunal bilveg og som gang- og sykkelveg til E134. I samband med utbygging av Vestli og Førreparken bustadfelt er det forventa auka trafikk på Førresvegen og behov for separering av mjuke trafikkantar. Formålet med planarbeidet er å gjere område meir trafikksikkert og å sikre trygg tilkomst til skule og kollektivanlegg for mjuke trafikkantar. Planen vil binde saman planlagt gangareal i Førreparken og Vestli til eksisterande gang- og sykkelveg mot Førre. Fortauet er tenkt plassert på nordsida av vegen.

Gjeldande reguleringsplanar innafor planområdet er "Førreparken", «E134 – nytt kryss Førresbotn» «Førresfjorden sentrum Del 1». Reguleringsplan "Vestli" er under behandling. 

Planarbeidet vil bli utført av Norconsult AS på vegne av Tysvær kommune. Eventuelle spørsmål kan rettast til Norconsult v/Peter Sonnenberg (pso@norconsult.no / 52 86 51 14).

Eventuelle merknader til varsel om oppstart må sendast skriftleg til:

Norconsult AS
Postboks 458
5501 Haugesund

Eller per e-mail til pso@norconsult.no

Frist for å komme med merknader er satt til 02.11.2015.

Når meldingsfristen er gått ut vil alle merknader bli gjennomgått og sendt over til kommunen saman med planforslag. Etter første gongs behandling bli i kommunen vil planforslaget bli lagt ut til offentleg ettersyn. 

Oversiktskart

Oversiktskart flyfoto