Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Forslag til reguleringsplan rundkjøring Aksdal

Skrevet av Trond Tindeland .

Plankart rundkjoring Aksdal.tmb
Statens vegvesen har utarbeida forslag til reguleringsplan  for ny rundkjøring i Aksdal for E39/E134 i Tysvær kommune.

 

Statens vegvesesen sender ut planen høyring og offentleg ettersyn i tråd med § 3-7 i plan- og bygningslova.

Planforslaget er utabeida med bakgrunn i planprogram fastsett av Tysvær kommune.

Føremålet med reguleringsplanen er å betre trafikktryggleiken og framkommeligheten i krysset E39/E134 samt tillrettelegging for kollektiv. Konsekvensutgreiinga gjer greie for kva følgjer utbygginga har for miljø, naturressursar og samfunn.

Dokumenta er på høyring i tidsrommet frå 19. mai 2015 til 30. juni 2015. Etter at uttalane til høyring er handsama vert planen vedteke av Tysvær kommune.

Dokumenta finnes på: http://www.vegvesen.no/vegprosjekter
Link til dokumenta ligg nederst i denne artikkelen. Papirkopi av dei formelle dokumenta finst hos kommunen.

Høyringsuttale og innspel til arbeid med planen sendast innan 30. juni 2015 til:
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller firmapostvest@vegvesen.no.
Vi ber om at innspela merkast med sak 2015058777 og namn på planen.

Kontaktperson: Henry Damman tlf 415 26 589 henry.damman@vegvesen.no

Vedlegg:

PDF Plankart
PDF Føresegner
PDF Planomtale og konsekvensutgreiing (hovudrapport)