Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Høyring kulturminneplan

Skrevet av Trond Tindeland .

 Kulturminneplan tmb
Høyring av forslag til kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø 2015 - 2025, Tysvær kommune.

 


Riksantikvaren oppfordrar alle kommunar til å utarbeida kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. Kulturarven er eit felles gode som alle har eit ansvar for å ta vare på. Den offentlege forvaltinga har eit særskilt ansvar for å sikra at nasjonale mål innan kulturminnevernet vert oppfylde. Det betyr at ein forventar at kommunar registrerer og verdset kulturminne og kulturmiljø som har lokal verdi, og at desse vert innarbeida i planar etter plan- og bygningslova.

Tysvær kommune har utarbeida forslag til kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. I møte 20.01.2015 vedtok Tysvær kommuneplanutval å leggja dette planforslaget ut til offentleg høyring, jmf. plan- og bygningslova § 11-14.

Føremålet med kommunedelplanen for kulturminne og kulturmiljø er å ta vare på eit representativt utval kulturminne som bygningar, særmerkte minne og miljø, til glede og nytte både for nåtid og for generasjonar i framtida. Vidare ønskjer ein å skapa forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø gjennom informasjon og formidling.

Frist for senda inn merknadar er 7.april 2015. Planen kan lastast ned her.

Planforslaget ligg også til offentleg ettersyn i Servicetorget på Tysvær rådhus og på biblioteket på Tysværtunet. Evt. merknadar må sendast skriftleg til Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal, eller på e-post: post@tysver.kommune.no.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til kultursjef Ingvar Frøyland, tlf. 52757554 / 93216660.

PDF icon 16x16  Planforslag kulturminneplan