Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Høyring: Konsesjonssøknad kraftforsyning

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

NVENoregs vassdrags- og energidirektorat har motteke konsesjonssøknad for kraftforsyning til Haugaland Næringspark i Tysvær kommune. Det vert søkt om å byggje ein ny 66 kV leidning frå Klovning transformatorstasjon via Apeland til ny, omsøkt transformatorstasjon i Haugaland Næringspark.

 

Haugaland Kraft søkjer om å byggje ein ny transformatorstasjon i Haugaland Næringspark med omsetnad 66/22 kV og yting 30 MVA, og ein ny 66 kV leidning frå anten Klovning transformatorstasjon til ny Haugaland Næringspark transformatorstasjon, via Apeland, eller frå Apeland til Haugaland Næringspark transformatorstasjon. Lengda på leidningen er på om lag 5,4-7,3 km avhening av traséalternativ. Haugaland Kraft har utarbeida fire alternative løysingar for leidningen.

Haugaland Kraft søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Haugaland Kraft søkjer òg om oreigningsløyve etter oreigningslova § 2 punkt 19 for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsle/transport. Samstundes søkjer Haugaland Kraft om førehandstiltreding etter oreigningslova § 25 som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.

Det vil bli halde folkemøte om saka onsdag 21.mai, kl 19.00 i kommunestyresalen på rådhuset i Tysvær kommune.

Merknader kan leverast til NVE her, eller sendast per e-mail til; nve@nve.no eller per post til; Norges vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo

Høyringsfrist er 06.06.2014.

 Alle sakspapir ligg på NVE sine heimesider her.