Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Høyring om Dalbygda vindkraftverk

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Vindmolle tmb
NVE har mottatt konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Dalbygda vindkraftverk.

 


Dalbygda Kraftsenter AS søkjer i medhald av energilova om konsesjon for å bygge og drive eit vindkraftverk beståande av 10-14 turbinar som vil gi ein installert effekt på intill 42 MW. Planområde ligg på eit fjellplatå nordaust for Dalbygda i Skjoldastraumen og utgjer til saman 6,8 km2. Tiltakshavar søkjer om nettilknyting til eksisterande 66 kV luftleidning som vil gå aust for området.

Det vil bli arrangert folkemøte om Dalbygda vindkraftverk måndag 23. september 2013 kl 19.00 i Kommunestyresalen.

Alle sakspapir ligg på www.nve.no under emne konsesjonar, samt i Servicetorget på rådhuset. Uttalar skal sendast til Noregs vassdrag- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstuen, 0301 Oslo eller elektronisk til nve@nve.no.

Høyringsfrist er 28.oktober. 2013.