Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

HØYRING: planstrategi og planprogram

Skrevet av Trond Tindeland .

Forslag planstrategi
Varsel om oppstart av ny kommuneplanprosess i Tysvær kommune.

 

Kommuneplanutvalet i Tysvær har i møte 19.02.2013, sak 4/13 vedtatt å legge forslag til kommunal planstrategi og planprogram for ny kommuneplanrullering på høyring, og varslar samstundes om oppstart av ny kommuneplanprosess, jfr. plan og bygningslovas § 10-1, § 11-12 og § 11-13.

Forslag til planstrategi - del I og forslag til planprogram - del II kan lastas ned her.

PDF icon  Forslag til planstrategi del I
PDF icon  Forslag til planprogram del II 


Spørsmål til høyringsdokumenta kan rettast til plansjef Linda Christine Olsen, tel: 52 75 72 41 eller 906 25 129. Spørsmål som gjeld planprogrammet og kommuneplanens arealdel kan rettast til seksjonsleiar areal, miljø og landbruk Bjørn Bruaset, tel: 52 75 71 75 eller 932 166 83.

Vi ber om at eventuelle merknader til planstrategien, planprogrammet og oppstart av ny kommuneplanrullering vert merka “sak 11/2984 – innspel til planstrategi /planprogram” og vert sendt Tysvær kommune v/ plansjef, Postboks 94, 5575 Aksdal eller post@tysver.kommune.no innan 26.4.2013.

Frist for å komme med innspel om endre arealbruk i arealdelen av kommuneplanen vert satt til 1.10.2013. Innspel skal merkast “Innspel til kommuneplanen, sak 13/212, endring til (ønskja arealformål)”. Kommunen arbeidar med ein arealstrategi som skal gje premissa for vurdering av innspela. Arealstrategien vil leggast ut på kommunens heimesider så fort den har vært oppe til politisk handsaming, og i god tid før fristen for å komme med innspel. Kommunen vil ikkje vurdere anna arealbruk enn den som er omtalt i planprogrammet.


Tysvær kommune
Rådmann