Gratis strøsand til eldre

Eldre og uføre kan også denne vinteren få levert strøsand heim til seg.
Kvar vinter er det mange som skadar seg på is og hålkeføre. Ofte skjer dette heime, rett rundt dørene, og vi veit at problemet er størst hos eldre folk. Men det er litt hjelp å få:
Eldre og uføre som ber om det ,kan få levert ei bøtte gratis saltblanda strøsand heim til seg.
Ring Servicetorget, tlf: 52 75 70 00, så skriv dei deg opp på lista. Utkøyring startar ca. første veka i desember.
Alle andre som ynskjer det, kan få hente strøsand ved å henvende seg til Servicetorget.
Strøsandaksjonen er eit skadeførebyggjande samarbeid mellom "Trygg i Tysvær" og driftsavdelinga i kommunen.
Publisert 30.11.09 av Anita Halsnes



