”De utrolige årene”

Bilde

Resultatområdet barnehage arrangerte 16. februar TEMAKVELD for tilsette og føresette i barnehagane i Tysvær.

Omlag 250 tilsette og føresette til barn i barnehagane kom for å høyre Anne Marit Knutsen og Tor Austad Nes frå Solstrand barnevernsenter og deira velleingsprogram ”De utrolige årene”.

Innhaldet i føredraget var:
- Positiv involvering og leik
- Ros og oppmuntring
- Korleis få barn til å ”lye”
- Grensesetting

Dei frammøtte fekk mange gode tips på korleis ein kan få ein betre kvardag med barna sine.

Det var ei engasjert og lydhør forsamling som var til stades denne kvelden , og det var tydeleg at temaet fenga.


 Link frå powerpointpresentasjonen frå temakvelden finn du her.
 

Publisert 22.02.10 av Barnehagesjef Anne-Lise Myrvoll