Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Reguleringsplan for Straum-Gaupås

Skrevet av Trond Tindeland .

Plankart Straum-Gaupås bilde
I medhald av plan- og bygningslova har Tysvær kommunestyre godkjent reguleringsplan for Straum-Gaupås.

  

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjente Tysvær kommunestyre, den13.12.2011 i sak 119/11, reguleringsplan for Straum-Gaupås. Grunnlaget for reguleringsarbeidet var å setje av areal for barnehage i Skjoldastraumen, i tillegg til å sikre areal til framtidig utviding av skulen og betre trafikkforholda i området.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.
 
Vedlegg:
icon Plankart Straum-Gaupås (8.56 MB)
icon Saksframstilling Straum-Gaupås (49.29 kB)
icon Føresegner Straum-Gaupås (47.52 kB)