Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Svartevågen lagt ut til offentleg ettersyn

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart smaabaathavn tmb
Det er utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for Svartevågen. Teknisk utval har i møte 01.09.2016 vedtatt framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.


Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for oppføring av fritidsbustadar og etablering av ei større småbåthamn for Stong-Liarvåg-området.

Eventuelle merknadar til planen må sendast skriftleg til Tysvær kommune via denne lenken. Du kan også sende den pr. post til Tysvær kommune, resultatområde forvaltning, pb. 94, 5575 AKSDAL eller på e-post til: post@tysver.kommune.no. Merk refnr "2016/18".

Frist for innsending av merknadar vert sett til 01.11.2016.

pdf icon  Saksframlegg
pdf icon  Plankart
pdf icon
  Føresegner
pdf icon
  Planomtale
pdf icon
  ROS-analyse