Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Skeiseid lagt ut til offentleg ettersyn

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

skeiseid tmb 2
Planen blei tatt opp til behandling i teknisk utval den 09.06.2016, kor det blei vedteke at planen skulle framleggast for kommuneplanutvalet.

 

Kommuneplanutvalet vedtok så i møte den 14.06.2016 å leggje planen ut på høyring og til offentleg ettersyn. Framlegget til detaljreguleringsplan blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. 

Planområdet utgjer om lag 1000 dekar. Området er planlagt bygd ut med totalt ca. 1000 bustadar. Planforslaget viser plassering av delfelt, hovudstruktur for vegnett, turvegnett, grøntstruktur; i tillegg er det utarbeidd overordna plan for vatn, avløp og overvatn.

Forslaget til områdeplan for Skeiseid fastset rammene for ei langsiktig utvikling av Frakkagjerd mot sør. Frakkagjerd utgjer saman med Førre det klart største oppvekstområdet i Tysvær. 5-6000 av kommunens 11000 innbyggjarar bur her. Dette området er tyngdepunktet i den urbane utviklingsaksen mot Haugesund frå Grinde i aust til Førre i vest slik det og er vist i forslaget til ny regionalplan for areal- og transport på Haugalandet.

Eventuelle merknadar til planen må sendast skriftleg til:
Tysvær kommune, forvaltning, pb. 94, 5575 AKSDAL

Frist for innsending av merknadar vert sett til 12.08.2016.

Vedlegg: 

pdf icon  Saksframlegg
pdf icon  Plankart
pdf icon  Føresegner
pdf icon  Planomtale
pdf icon  Støysonekart
issuu icon  Rapport / planskisse for vatn og avløp
pdf icon  Notat vegprosjektering
pdf icon  Notat trafikkgrunnlag
pdf icon  Plan- og profilteikningar Høievegen
pdf icon  Plan- og profilteikningar turvegar
pdf icon  Planteikning rundkøyring