Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Frakkagjerd sentrum lagt ut til offentleg ettersyn

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

frakkagjerd sentrum tmb 2
Planen blei tatt opp til behandling i teknisk utval den 12.05.2016, kor det blei vedteke at planen skulle framleggast for kommuneplanutvalet.

 


Kommuneplanutvalet vedtok så i møte den 14.06.2016 å leggje planen ut på høyring og til offentleg ettersyn. Framlegget til detaljreguleringsplan blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for sentrumsutvikling, tettstadsutforming, avklaring av offentlege funksjonar samt trafikkavvikling. Viktige grep i planen er areal for utviding av barneskulen og ungdomsskulen samt omfattande oppgradering av Frakkagjerdvegen. Med gjennomføring av tiltaka i planforslaget skal Frakkagjerdvegen kunna ta opp i seg auken i gang-, sykkel-, og biltrafikken som vil følgje av fortetting i planområdet og framtidig bustadutbygging på Skeiseid.

Eventuelle merknadar til planen må sendast skriftleg til:
Tysvær kommune, forvaltning, pb. 94, 5575 AKSDAL.

Frist for innsending av merknadar vert sett til 12.08.2016.

Vedlegg:

pdf icon  Saksframlegg
pdf icon  Plankart
pdf icon  Føresegner
pdf icon  Planomtale
pdf icon  ROS-analyse
pdf icon  Endringar av planforslaget
pdf icon  Plan og profil for hovudnett for sykkel