Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Offentleg ettersyn: Sandvik Camping

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Sandvik tmb
Utviding/endring av detaljreguleringsplan for Sandvik Camping er lagt ut til offentleg ettersyn.

Planen blei tatt opp til behandling i teknisk utval den 01.10.2015, som sak 117/15. Framlegget til detaljreguleringsplan blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for fritids- og turistføremål, med areal for serviceanlegg, leik, grøntområde, badeplass, småbåthamn, utleigehytter og oppstillingsplass for camping- og husvogner.

Eventuelle merknadar til planen må sendast skriftleg til:

Tysvær kommune, forvaltning, pb. 94, 5575 AKSDAL.

Frist for innsending av merknadar vert sett til 25.11.2015.

 

Vedlegg:

- Saksframlegg

- Føresegner

- Plankart

- Planforslag

- Vurderingar etter naturmangfaldlova

- ROS-analyse