Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Reguleringsplan bustadområde Bongsatjørn

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

alt2
Teknisk utval har i møte den 08.01.2015 og kommuneplanutvalet i møte den 20.01.2015 vedtatt å leggje ut reguleringsplan for bustadområde ved Bongsatjørn ut til offentleg ettersyn.

 

Teknisk utval og kommuneplanutvalet har vedtatt framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planforslaget er å leggje til rette for utbygging av ca. 100 bustadar, etablere og oppretthalde gode grøntareal og friområde, samt etablere gang- og sykkelveg for å ivareta adkomsten til omkring liggjande friområde og eksisterande gang- og sykkelveg.

Eventuelle merknadar til planen må sendast skriftleg til:

Tysvær kommune, resultatområde teknisk, pb. 94, 5575 AKSDAL

Frist for innsending av merknadar vert sett til 25.03.2015.

Vedlegg:

PDF icon 16x16  Saksframlegg
PDF icon 16x16  Planomtale
PDF icon 16x16  Reguleringsføresegner
PDF icon 16x16  Plankart alternativ 1
PDF icon 16x16  Plankart alternativ 2

Det er to plankart med to alternativer til bustadområdet i høve til valg av vegen inn til området, ei hovudplanomtale som gjeld for dei tre planane i Aksdal (bustadområde, veg og kjøpesenter) og illustrasjonar.