Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Meld frå om St. Hans-bål

Skrevet av Trond Tindeland .

St Hans
Har du planar om å tenne sankthansbål? Då må du huske å sende inn melding til brannvesenet innan 21. juni.

 

Melding om tenning av bål kan du sende til e-post: brannvesenet@tysver.kommune.no

Brannvesenet ønskjer melding om dato for avbrenninga, arrangør, adresse og namn på ansvarlig for brenninga med mobilnr.

Følgjande retningslinjer gjeld:

  • Bålet må plasserast med god avstand frå bygningar og vegetasjon. Grunneigar må gi samtykke til brenning av bål.
  • Eigna sløkkemiddel må vere lett tilgjengelig, gjerne ein hageslange, evt. bøtter om det er vatn i nærleiken.
  • Bålet må KUN bestå av reint treverk. Avfall som gummi, impregnert eller på anna måte behandla treverk, plast, bygningsavfall og liknande skal IKKJE brennast. Avfall skal leverast på miljøstasjon eller anna godkjent mottak. Brenning av avfall er ulovlig og vil kunne bli meldt til Politiet.
  • Det må takast atterhald om ver og vind den aktuelle dagen. Om det er tørt i kringliggande terrenget og mykje vind må brenninga utsettast av omsyn til fare for speiding  av brann.
  • Naboar må ikkje bli sjenert av røyk frå bålet.
  • Ansvarleg for bålet må vere tilstade under brenninga, og bålet må ikkje forlatast før det er heilt sløkt. Restane etter bålet må fjernast når det er sløkt.
  • Brannvesenet skal varslas på telefon:  90 78 39 66 før opptenning.

Brannvesenet vil gjennomføre stikkontroll for å sjå til at forhold nemnt over etterlevd.   

Brannvesenet  vil nekte brenning av bål dersom:

  • - Værforholda gjer det nødvendig
  • - Bålet inneheld avfall
  • - Bålet blir vurdert  som brannfarlig pga. liten avstand til bygningar, vegetasjon etc.

God St. Hans feiring
Brannsjefen.