Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Tour des Fjords kjem til Tysvær

Skrevet av Trond Tindeland .

tour des fjords
Fredag 26. mai kjem Tour des Fjords til Tysvær kommune. Her blir det god stemning, men det kan og hende det vert noko trafikkproblem når deler av vegnettet vert stengd.

 

Fredag 26. mai kjem det profesjonelle sykkelrittet Tour des Fjords til Tysvær. Då skal dei innom fleire stader i kommunen, og vegane blir stengd deler av ettermiddagen. Dei som har viktige gjeremål mellom 15 og 18 bør setja seg inn i planane for løpet og kanskje sørgje for å kome seg utanfor løypa.

Tysvær er midtpartiet på løpets 3. etappe som startar i Odda 13.35. Litt over klokka 15 kjem dei første rytterane til Skjoldastraumen som vert stengt ca kl 15.20. Derifrå går turen til Grinde og Aksdal før dei set kursen til Haugesund. Både sjølve traseen og tilførselsvegar blir stengd mens det står på.

Les mer på Tour des Fjords nettside.

Traseen for etappen Tysvær 26. mai

Se kart over hele etappen på Ride with gps.

Endringer i busstilbudet fra Kolumbus