Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Sykle til jobben

Skrevet av Trond Tindeland .

1sykletiljobb
Frå 24.04.17 og t.o.m. 31.10.2017 blir det arrangert ein lokal sykle-til-jobben-aksjon i Tysvær kommune. Alle som jobbar i ei bedrift i Tysvær kan delta.

 

Gjennom det kommunale prosjektet ”Sykle i Tysvær” ynskjer ein å få fleire til å nytte sykkel i Tysvær. Fysisk aktivitet fremmar helse, gir overskot og er eit viktig og veldokumentert verkemiddel i førebygging og behandling av ei rekke diagnosar og helsetilstandar. Helsedirektoratet anbefaler vaksne minst 30 minuttar med fysisk aktivitet per dag. Å bytte ut bilen med sykkel gir også miljøgevinst i form av mindre utslepp, mindre støy og eit meir trafikksikkert lokalmiljø.

Kampanjen føregår slik at du kan oppnå poeng på følgjande tre måtar:

  • Sykla til og frå jobb = 2 poeng per dag
  • Sykla tur på fritida = 1 poeng per dag
  • Delta i sykkelritt arrangert i Tysvær = 10 poeng per ritt

Alle som oppnår 60 poeng i løpet av aksjonsperioden, er med i trekninga av flotte premiar. Det skal blant anna trekkast ut sykkel, sykkelutstyr og gratis deltaking i lokale sykkelritt. Oppdatert premieliste kjem seinare.

Ikkje alle har moglegheit til å sykle til jobb, og det er derfor lagt opp til at ein også får poeng for å sykle på fritida, samt bruk av El-sykkel.

Ein treng ikkje melde seg på kampanjen, og deltaking er gratis. Last ned eller skriv ut registreringsskjemaet under, full ut undervegs, og lever eller send dette til: Tysvær kommune v/folkehelsekoordinator, Postboks 94, 5575 Aksdal, eller ann-kristin.berge@tysver.kommune.no  når kampanjen er over.

Registreringsskjema finn du her

Kampanjen varer frå 24.04.2017 til 31.10.2017, og skjema må leverast innan 06.11.2017.