Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Brukarar svært nøgd med tenesta øyeblikkeleg hjelp

Skrevet av Annbjørg Lunde .

metteaustheim
Tilbakemeldingane frå  pasientar som har nytta kommunalt ØH-hjelp døgntilbod i  kommunane Haugesund, Kvinnherad, Tysvær, Karmøy og Suldal er klare. Pasientane er særs nøgde.

 

Det kommunale øyeblikkeleg hjelp tilbodet er som eit mini-sjukehus i eigen heimkommune. Det er innleggande lege (fastelegen eller legevakt) som avgjer om KØHD er eit aktuelt tilbod. Mange legar har tidlegare meldt frå om unødvendige sjukehusinnlegging fordi kommunen manglar eit døgntilbod med nødvendig kompetanse.

Dei som er sjuke treng nødvendigvis ikkje sjukehusbehandling, men treng oppføgling heile døgnet frå helsepersonell. Dei er enkelt sagt for sjuke til å vera heime men treng ikkje sjukehusinnlegging. Dette vert vurdert nøye i kvart tilfelle av legen. Dei som har fått dette tilbodet er svært nøgde.

Les meir her og sjå filmen om tilbodet der også Tysvær kommune sine tilsette deltek.