Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Vald og overgrep - referat frå orienteringa

Skrevet av Trond Tindeland .

Logo PNG2

Fredag 17.03.17 inviterte ordførar Sigmund Lier pressa til ei orientering med status på kommunen sitt arbeid med overgrepssaka.

 

Ordføraren ga ei oppdateringa på kommunen sitt arbeid i overgrepsaka slik han hadde lova i nyttårstalen. Det vart opplyst at kommunen sidan desember hadde jobba med revisjon og nytenking av tiltak mot vald og overgrep slik at kommunen sine rutinar var best mogeleg innretta mot å førebygga og få stansa slik kriminell adferd. Til dette arbeidet hadde kommunen henta inn ekstern kompetanse for å kunne sjå oss i korta, men og like mykje for å hente inn den beste kompetansen som finnes på dette området

Ordføraren poengterte at "Tysvær kommunen skal sikre at slik kriminalitet ikkje bli teia i hjel – dette skal snakkast i hjel"

I orienteringsmøtet deltok utanom ordføraren, Jorid Vea Isdahl, Helse og førebyggingssjef, Roe Lauvaas, advokat for Tysvær kommune i denne saka og Jakob Inge Kristoffersen, Senter for Krisepsykologi.         

Ordføraren uttalte seg vidare slik i orienteringsmøtet:

Eg vil først av alt beklage og be om unnskyldning til dei som me veit har vore utsett for overgrep av den tidlegare læraren. Dei er mange. Me vil også beklage overfor dei me ikkje veit om, men som også er ofre for overgriparen.

Me vil beklage til familiar som lever med denne saka tett på seg, og dei såra dette har påført dei som familie,  som barn, som barnebarn.

Kommunen klarte ikkje å ta tak i dei signala som vart fanga opp og den eventuelle mistanken som blei formidla - Det kan verke som om folk som hadde mistanke ikkje kunne tenkje eller forestille seg kor gale og alvorleg dette var. I alle høve er det ei kjensgjerning at me ikkje klarte å fange opp at dette skjedde.

Me var den gong i ei anna tid – det tek likevel ikkje vekk det ansvaret som kommunalt tilsette og andre som den gong hadde høyrt slike påstandar  – at dei ikkje gjorde nødvendige grep for å få dette stansa.

Me jobbar med å sikre at slike rutinar er til stades nå!

Som ordførar i Tysvær kommune er eg lei meg for å få ny informasjon om at barn i kommunen har vore utsette for alvorlege overgrep av tidlegare tilsett i kommunen. Eg ber om unnskyldning på vegne av kommunen for at me den gong ikkje klarte å hindra slik skade.

Då kommuneleiinga vart kjent med dette i 2009 prøvde eit samla kommunestyre og ein samstemt kommuneadministrasjon å hjelpa dei som me blei kjent med hadde vore utsett for overgrep.

Me prøvde den gong å få kontakt med dei som ikkje hadde meldt frå slik at me kunne hjelpa også dei.

Me nådde truleg ikkje fullt ut med dette. Tysvær kommune ville den gong gjera det kommunen kunne gjera for å prøva å dempa smerten dei misbrukte levde med, og so langt råd er be om årsak for at kommunen og kommunalt tilsette ikkje fekk dette stansa. Det vart difor laga ei oppreisningsordning.

Til dei me ikkje veit om, og som ynskjer kontakt for å ta del i den oppreisningsordninga kommunestyret har laga – ordninga står framleis ved lag.

Kommunen prøvde, og gjorde det me kunne den gongen, å ta lærdom ved å laga til heilt nye kommunale tiltak som skulle redusera faren for å bli utsett for vald og overgrep.

Me snur igjen kvar ein stein for å finna enno fleire tiltak som kan hjelpa born og unge til ein trygg oppvekst i Tysvær – utan vald og overgrep.

Ordføraren og formannskapet har saman med kommuneadministasjonen sett i gong eit nytt omfattande arbeid med å etablera nye tiltak som kan redusera faren for at nokon i vår kommune skal bli utsett for vald og overgrep.

ME gjer dette for å visa sympati og respekt med dei me kjenner som ikkje fekk slik hjelp – og dei me ikkje kjenner til.

Innan sommaren 2017 vil me ha sikra at det er utarbeidd oppdaterte tiltak for avdekking og hjelp til busette i kommunen som har vore utsett for vald og overgrep. Eg håpar då at alle som har erfaringar, og ikkje minst styrke til det, gir meg og kommunen sine fagfolk innspel slik at me kan få etablert tiltak som kan gi best mogleg håp om at dette aldri skal skje igjen – og at våre innbyggarar skal få leva trygge liv – fritt for vald og overgrep. 

Ved å seia unnskyld til dei som lir på grunn av manglande tiltak og avdekking tidlegare – og ved å gjera alt det me kan gjera for å hjelpa mot nye overgrep – håpar eg me kan hela litt dei såra som me veit framleis ligg åpne hjå nokre av våre innbyggarar.

Kommunen sitt overordna mål og klare oppfatning er at denne saka skal snakkast i hjel – den skal ikkje teiast i hjel.

Kommunen har sidan saka kom opp i 2011 heile tida prøvt å ha openheit om temaet.

Det vart difor i 2011 utarbeida handlingsrutinar for korleis kommunalt tilsette skal handle når ein har mistanke eller er gjort kjent med, at barn blir eller har vore utsette for seksuelle overgrep, vald, eller har vore vitne til vald i nære relasjonar. Handlingsrutinane skal jamnleg gjerast kjent for alle kommunen sine tilsette som arbeidar med barn og unge.

Ingen tilsette i Tysvær kommune skal vera usikre på korleis rutinane skal handterast – alle leiarar har klar – og tydeleg melding på at rutinane skal gjennomgåast i personalgruppene med jamnlege mellomrom – alle tilsette vil få eit særskilt ansvar for sjølv å halde seg oppdatert på dei rutinane som kommunen har.

Kommunen har team mot seksuelle overgrep – dei skal gje tilsette i kommunen mulegheit til å konsultere fagfolk dersom ein mistenkjer at eit barn kan vera utsett for seksuelle overgrep.

Ei arbeidsgruppe har fått som oppgåve å finne nye tiltak – tilpassa vår tid – vår kvardag – tiltak som kan finne måtar å nå dei som sit åleine med desse problema – finne måtar som gjer at dei lettare kan dele dei med andre – slik at dei kan stoppast.»

Vi minner om at alle som treng hjelp etter overgrep eller vald kan kontakta kommunen sitt hjelpeapparat. Du kan også kontakta kommunen dersom du vil snakke med nokon om overgrepssaka eller liknande saker.

Dersom du har mistanke om eller veit at barn er utsett for seksuelle overgrep eller annan vald tek du kontakt med barneverntenesta.  

Psykisk helseteneste:

Avdelingsleiar Gunn Marit Lygre 93216676

Fagansvarleg Evy Kjønø 40419193

Koordinator Margun Susort 93216602