Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godt driftsresultat for Tysvær kommune

Skrevet av Trond Tindeland .

avgiftsauke
Rekneskapen for Tysvær kommune for 2016 er gjort opp med eit netto driftsresultat på 94 millionar kroner, mot budsjettert 37,2 mill. kroner. Resultatet er ca. 57 mill. kroner betre enn budsjett.

 

Netto driftsresultat er den viktigaste «temperaturmålaren» på kommuneøkonomi. Frå sentralt hald blir kommunane anbefalt å ha ein margin på 1,75% for å sikre sunn økonomisk drift. Tysvær kommune sitt resultat i 2016 er det beste nokon sinne, og tilsvarer 9 % av brutto driftsinntekter.

Grunnane til det gode resultatet er fleire. Skatt og rammetilskot gir samla ein pluss på 7,2 mill. kroner. Tidleg på året såg det ut til at skatteinntektene i landet skulle bli svakare enn budsjettert, men dette betra seg vesentleg mot slutten av året. Eigedomsskatten gir samla netto meirinntekter i høve til budsjett på 22,7 mill. kroner. Netto er det rundt 3,9 mill. kroner betre resultat på renteområdet enn det som ligg i budsjettet. Samla kjem drifta av tenesteområda ut med eit positivt resultat på rundt 16,4 mill. kroner.