Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Friluftsliv og Tysværtunet på topp

Skrevet av Trond Tindeland .

Survey
Kulturbrukarundersøking som Kantar TNS gjennomførte i Haugesund, Karmøy og Tysvær på slutten av 2016, viser at friluftsliv og mosjon er det som flest gjer i fritida si.

 

Men også kafebesøk, bibliotek og lesing, kino og nettbruk samt idrett kjem høgt blant aktivitetane. Ein brukar sin eigen kommune mest til friluftsliv, men ein går mykje tur også utanom Tysvær og drar særleg på restaurant og kafe i Haugesund.

Tysværtunet kulturhus med badeanlegg, kino og bibliotek har høgt besøk av tysværbuen, men det er også ein stad mange frå Haugesund og Karmøy besøker. Tysværbuen er elles flinke til å besøka sine eigne festivalar Midtsommarfest og bLEST, og elles sluttar tysværfolk sterkt opp om festivalar i Haugesund.

Aktivitetsmønsteret i dei tre kommunane er nokså likt, men ein kan sjå at tysværbuen går mindre i helsestudio enn andre og følgjer barn ofte på fritidsaktivitetar. Elles meinar heile nær seks av ti tysværbuar at kultur har stor prioritet og bør ha det.

Det er første gong ei slik undersøking er blitt gjennomført på Haugalandet, og den gir status på korleis aktivitetnivået er, kor folk er aktive samt kor tilfredse ein er med kulturtilbodet. 

Her kan du gå inn på resultatet av undersøkinga: