Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Planstrategi for Tysvær kommune 2016-2019

Skrevet av Thorstein Holtskog .

planstrategy min
Kommunestyret har i møte 22.11.2016 sak 79/16 godkjent planstrategi for Tysvær kommune 2016-2019.


 

Planstrategien for perioden 2016-2019 bygger på utfordringane og strategiane i tidlegare planstrategi og gjeldande kommuneplan.

Planstrategien inneheld relevante problemstillingar for Tysvær i forhold til dei nasjonale forventningane eller den nasjonale planstrategien som vart lagt fram av AP regjeringa i juni 2011 og av Høgre regjeringa i 2015. Den tar opp i seg utfordringane peika på i regional planstrategi vedtatt av fylkestinget i Rogaland. Planstrategien inneheld vidare ei konkretisering av dei utfordringane det nye kommunestyret ser som viktige å ta fatt på i denne kommunestyreperioden, og prioritering av planoppgåver knytt til desse utfordringane.

Kommunestyret har drøfta planbehovet og ser så langt ikkje behov for ein omfattande revisjon av kommuneplanen i denne kommunestyreperioden. Ein har derfor ikkje slått arbeidet med planstrategien saman med planprogram for neste kommuneplanrullering slik ein gjorde i sist kommunestyreperiode. 

Kommunestyret har vedtatt at det ikkje vert gjort endringar i samfunnsdelen og arealdelen, men det vert opna for mindre justeringar i kommuneplanens føresegner.

pdf icon  Planstrategi 2016-2019  
pdf icon  Saksbehandling (særutskrift)