Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Kurs i livreddande førstehjelp

Skrevet av Trond Tindeland .

First Aid Green Cross
Om lag halvparten av oss vil oppleva at ein person nær oss treng akutt livreddande førstehjelp. No er det gratis kurs i Aksdal måndag 20. mars!

 

Gratis kurs i livreddande førstehjelp måndag 20. mars 2017 kl 18 – 20 i underetasjen ved Aksdal helsesenter/legesenter. Meld deg på ved å ringa Servicetorget på tlf 52 75 70 00 eller send e-post til post@tysver.kommune.no


LIVREDDANDE FØRSTEHJELP

Munn-til-munn heitte det i gamle dagar. Livreddande førstehjelp eller hjarte-lunge-redning (HLR) heiter det nå. Dersom ein person fell om med hjartestans, viser det seg at det viktigaste ved HLR er at ein held blodsirkulasjonen i gong med å trykka på brystet. Det er nok surstoff i kroppen til om lag 10 minuttar pustestans – dersom ein klarer å få blodet til å transportera surstoffet rundt.

HJERNEN ER MEST SÅRBAR
Me klarer greitt å halda pusten nokre minuttar. Verdsrekorden er visstnok sju minuttar. Etter dette tar hjernen skade. HLR auker sjansen for overleving ved hjertestans utafor sjukehus med 500%!

KAN IKKJE VENTA PÅ HELSEPERSONELL
Sjølv med blålys kan det gå over 10 minuttar før helsepersonell er framme til den som har falle om. Det er derfor viktig at me alle kan, og tør, starta med HLR så snart som råd er.


PÅMELDING:
Ring servicetorget på  52 75 70 00


Lars Johan Lysen
Kommuneoverlege