Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Fullt hus på nyttårsmottakinga

Skrevet av Liv Jorunn Frønsdal .

Sigmund Lier web 99px
Fullt hus, mange prisar, gode talar, flotte musikkinnslag og god drøs. Dette er stikkorda når ein skal oppsummere ordføraren si nyttårsmottaking. 

Lørdag 7. januar inviterte ordføraren til nyttårsmottaking, og svært mange hadde funne vegen til Tysværtunet denne dagen. Eit kvarter før mottakinga starta var det allereie fullt og dermed blei videooverføring frå Nygårdssalen løysninga for dei som ikkje fekk plass i Storsalen.

Ordførar Sigmund Lier oppsummerte i sin tale hendingar og utfordringar i 2016 og tankar for 2017 og framtida. Du kan lese ordføraren sin tale i sin heilhet i vedlegget.  Dei frammøtte fekk også høyre gjestetalar, prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, Liv Reidun Grimstvedt.

Brassgruppa som opna mottakinga sette standaren med sin opningsfanfare, og blåsarane fortsette med eit stykke som Kjetil Djønne hadde spesialskrevet til mottakinga. Gruppa Into Waves og Jan-Magnar Andersen Gard sørga for god musikalsk underhaldning vidare ut i programmet.

Dette året vart det også delt ut Kongens fortenstmedalje på nyttårsmottakinga. Mottakar var Bjørg Elisabeth Førre som fekk den for si mangeårige innsats i m.a sanitetsforeninga, bedehus, sokneråd og politikk. Grunngjevinga for utdelinga av Kongens fortenstmedalje til Førre kan du lese i vedlegg nederst på denne sida.

Det vart delt ut både næringslivspris, kulturvernpris, kulturstipend og Tysværdiplom. Utfyllande grunngjeving for dei ulike prisane kan du lese i vedlegget.

Næringslivsprisen 2016: Falkeid gård - Anne og Svein-Helge Høyvik. Gården i Tysværvåg er eit godt eksempel både på at det er ei framtid i landbruket som ei moderne og lønsam næring og som framtidsretta verksemd med auge og hender på morgendagens teknologi.

Tysvær kulturvernpris 2016: Karin Klepmo Kvinnesland og Asbjørn Kvinnesland for arbeidet med lensmannshuset på Årvik ved Kårstø. Lensmannshuset fortel historia om vekslande tider, og Tysvær kommune er glad for at huset er sikra. Arbeidet så langt lovar godt for framtida til lensmannshuset på Årvik!

Kulturstipend: Levekårsutvalet har på grunnlag av søknadar vedteke å dela ut to kulturstipend på kr.20.000 til padlaren Else Austvoll Erland frå Tysvær kano og kajakklubb og kr 20 000 til song-gruppa Into Waves som består av Victoria Lønning og Ane Kvinnesland.

Tysværdiplom: Vert delt ut på grunnlag av innspel frå publikum og organisasjonar til dei som har gjort seg bemerka heilt i toppen nasjonalt og internasjonalt sist år. Det vert gjeve berre ein gong til same person. Desse fekk Tysværdiplomet:

  • Monica Dahle blei i 2016 Norgesmeister veteran innan vektløfting – ho er med i Tysvær Vektløftarklubb.
  • Zekiye Cemsoylu Nyland vart Norgesmeister Senior 2016 i vektløfting, tok 3.plass i Nordisk mesterskap og var deltakar i EM i Førde. Ho er også med i Tysvær vektløftarklubb.
  • Paul Steinar Dalaker frå Aksdal er kokkelærling på Scandic Maritim og har i 2016 vunne Haugalandscup for lærlingar innan kokefaget for 2.år på rad – og gjennom det kvalifisert seg til Norgescup eller NM. Han har også i 2016 vunne Scandic cup for lærlingar for 2.år på rad og vore plukka ut til å delta på verdenskongress for kokkar i Tessalonik/Hellas og Kokkenes OL i Erfurt/Tyskland.
  • Åsmund Kringeland frå Grinde har i 2016 blitt Norgesmeister i saueklipping på Ringebu og skal no i februar delta for Norge i verdsmeisterskapen i sauaklipping på New Zealand.
  • Jonathan Gerhard Håkull bur i Skjoldastraumen og har i 2016 blitt Norgesmeister i ullhåndtering på Ringebu og han skal også til New Zealand på VM i februar og representera Norge.
  • Ellen Annette Mogensen Gutubakken bur på Stakland og tok sølvmedalje i Nordisk baltisk mesterskap i distanseriding i 2016 og ho har også vunne NM i lagritt.

  På Tysvær kommune si Facebookside kan du sjå fleire bilder frå nyttårsmottakinga

pdfOrdføraren sin nyttårstale

pdfGrunngjeving Kongens fortenstmedalje

pdfGrunngjeving prisar nyttårsmottaking

 bjorgforre

Blasegruppe

ordforartale

tysvaerdiplom