Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Er du klar for det digitale radioskiftet?

Skrevet av Trond Tindeland .

radio
Radioskiftet nærmar seg med stormskritt. Veit du kven av radiokanalar som blir heildigitale og når radioskiftet skjer der du bur?

 

Frå FM til digital radio

11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkjande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet, og før utløpet av 2017 vil all riksdekkjande radio i Noreg vere heildigital. I Rogaland blir FM-nettet avvikla for NRK 21. juni. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje fortset på FM, blir avvikla 15. september. 

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkjande kanalar via DAB-nettet, nettradio, appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4 vil alle riksdekkjande kanalar som sendast på DAB (utan pluss) blir flytta over på DAB+ i 2017. Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB og FM.

Oppdater kanallista 11. januar

Natt til 11. januar vil det både kome nye kanalar og det blir gjort endringar i sendarnetta. Blant anna vil alle kanalane til NRK sendast i DAB+ når desse endringane er gjorde. Ikkje alle DAB+-radioar fangar opp endringar automatisk. Derfor vil vi rå deg å oppdatere kanallista i DAB+-radioane dine 11. januar, uansett kvar i landet du bur.

Behov for meir informasjon?

Meir informasjon om det digitale radioskiftet og fullstendig sløkkjeplanen finn du på www.medietilsynet.no/digitalradio Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no.

(Illustrasjon: Slukkeplan)
Slukkeplan sm