Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Kor mange glas toler barnet ditt?

Skrevet av Trond Tindeland .

Avogtil HvorMangeGlass
Jula skal først og fremst vere barna si høgtid, men for altfor mange barn er jula prega av alkoholbruken til dei vaksne.

 

Fulle vaksne står ikkje på ønskjelista til nokon barn. Det vil kommunen gjerne gjere innbyggjarane merksame på.

«Fem glas går bra, om han berre ventar litt no. Ikkje drikk for raskt, då går det kanskje bra. Eg følgjer med, men det begynner å gjere vondt. Rett bak navlen gjer det vondast.»

Orda stammar frå ei kvinne som i dag er vaksen. Her skildrar ho julaftan då ho var ti år gammal.

Det var ikkje første gongen faren hennar drakk litt for mykje på julekvelden. Forventingane om kva som låg under treet, var derfor fråverande. I staden handla alt om når pappa ville endre seg. 

Dessverre bruker mange barn mykje tid på å uroe seg over drikkinga til dei vaksne i jula.

– Det er både opprørande og trist å tenkje på at barn har det på denne måten. Julefeiringa, som skal vere full av gode opplevingar, blir øydelagd av alkoholbruken til dei vaksne, seier dagleg leiar i AV-OG-TIL, Kari Randen.

Desember – som er fylt av festlege høve – er ein av dei absolutt fuktigaste månadene i året. Når alkoholkonsumet i befolkninga stig, får det konsekvensar – også for dei minste.

– Tenk igjennom alkoholbruken din, så slepp barna å tenkje på han, seier AV-OG-TIL-koordinator i Tysvær kommune Ann-Kristin Berge Dahle.

AV-OG-TIL har laga ein film basert på historia om den ti år gamle jenta. Ho tel kor mange alkoholeiningar faren drikk. Det er eit døme på korleis barn kan oppleve jula. Sjå filmen på Facebook-sida til AV-OG-TIL:

https://www.facebook.com/avogtil/videos/1226932720678079

Gode råd for ei fin jul:

  • Ha alkovett. Tenk igjennom på førehand om du skal drikke, og i så fall kor mykje du skal drikke, når det er barn til stades.
  • Hugs at barn ofte merkar ei endring i oppførselen din når du har drukke alkohol, og det skjer raskare enn du sjølv trur. Når du drikk alkohol, kan det vere vanskeleg å vurdere når det går frå å vere triveleg til utriveleg for barna. Barn liker ikkje å sjå at foreldra er ruspåverka, sjølv ikkje ein sjeldan gong. Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier.
  • Snakk om alkohol med barna dine når du føler at dei er klare for det. Gjer alkohol til eit «ufarleg» og naturleg tema. Følgjer du desse tipsa, kan det bli ein fin prat:
    • Ver konkret og ta barnet på alvor.
    • Ikkje bagatelliser eller avfei det barnet seier.
    • Ver open og interessert i det du blir fortald.
    • Stiller du spørsmål, må du vere innstilt på at du kan få upopulære svar eller vanskelege spørsmål tilbake.
    • Unngå leiande spørsmål.
    • Hugs at barn aldri skal måtte ta ansvar for alkoholbruken til dei vaksne.

Kva kan du gjere dersom du ser eit barn som slit på grunn av alkoholbruken til dei vaksne?

  • Ta kontakt
    Dersom det gjeld eit barn i nærmiljøet ditt, kan du snakke med det. Still opne spørsmål. Ver vennleg og imøtekommande og vis barnet at du blir glad for å sjå det. Inviter gjerne barnet med på ting. Dersom du føler at barnet har tillit til deg, kan du til dømes seie: «Du ser litt trist ut i dag, korleis har du det?» Hugs at du aldri skal snakke nedsetjande om foreldra til barnet, uansett forhistorie.
  • Snakk med andre vaksne
    Det kan vere fornuftig å dele uroa med nokon andre som kjenner barnet, til dømes ein lærar, helsesøster eller andre vaksne i nærmiljøet. Ser dei det same som deg?
  • Skulle du framleis vere uroleg, kan du ringje det lokale barnevernet eller Alarmtelefonen for barn og unge på telefonnummer 116 111.