Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Ikkje kast feitt i avløpet

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

vask

Jula nærmar seg, og det er høgsesong for feittrike middagar. Bruk feitt-vett og ikkje la restene gå i vasken eller do.

 

Feitt som hamnar i avløpet skapar driftsproblem og kan tette igjen avløpet. Dette gjeld både offentlege leidningar og private. Vent til feittet har stivna og kast det som matavfall. Feitt som ikkje stivnar kan ein anten tørke med tørkepapir og kaste i matavfall eller helle over i tett emballasje, for eksempel ein melkekartong som ein teiper igjen, og kaste som restavfall. Ein kan lese meir om handtering av feitt på fettvett.no.

Det er viktig å førebyggje blokkering av avløpsleidningane, og kommunen ser at ved juletider er det meir feitt en vanleg i avløpet. Me ber derfor alle om å følgje råda om feitthåndtering og ikkje kaste feitt og matrester i vask eller do.

Viss du følgjer desse råda kan du sjølv unngå utgifter og problem, samstundes som du forenklar drifta av kommunen sitt avløpsnett.