Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Gratis strøsand

Skrevet av Trond Tindeland .

Strosand2
Strøsand i bøtter kan hentast ved rådhuset. Ta gjerne med di tomme bøtte frå i fjor.

 


Kvar vinter er det mange som skadar seg på is og hålkeføre. Ofte skjer det heime, rett rundt dørene, og vi veit at problemet er størst for eldre folk. Men det er hjelp å få.

Alle kan no hente prima saltblanda strøsand ved rådhuset. Ta med deg tom sandbøtte frå i fjor, og full bøtte heimatt.

Personar med falltendens kan ta kontakt med heimetenestene sine, så henter dei strøsand.

Ta kontakt med Servicetorget for meir informasjon om dette på tlf: 52757000.