Årshjul og Kulturplan

Bilde

Her er årshjulet som fortel om faste arrangement og søknadsfristar, samt Kulturplanen som fortel om kva retning Tysvær-kulturen kan ta i åra som kjem.

Ordføraren si nyttårsmottaking: første lørdag i januar.

Ungdommens kulturmønstring: siste fredag i januar.

Søknadsfrist kulturmidlar: 1. mars

"Gå tur i Tysvær": 1. april (innlevering kodeord 1. november)

Søknadsfrist treningstidar i Tysværtunet idrettshall: 1. mai

Søknadsfrist investeringstilskott: 10. juni

Midtsommarfest: oppstart 18. juni - avsluttast 27. juni

Søknadsfrist spelemidlar: 1. oktober

Søknadsfrist kulturstipend og -pris: 1. oktober

Den store Kinodagen: første lørdag i november

Litteraturveka bLEST: første veke i november

 

 


Kulturplanen

 

Sitat frå forordet: 

Kulturplanen skal vere eit strategisk verktøy for vidareutvikling av kulturarbeidet i Tysvær kommune, og for å få det til har ein valt å vera mål- og handlingsorientert. Planen inneheld såleis meir enn 100 idear til handling for dei neste 10 åra. Utover dette vil kulturarbeidet i kommunen sjølvsagt framleis vera ”på hogget” og følgje trendar i samfunnet og utvikle nye prosjekt slik at vi stadig har KULTUR som varemerke i Tysvær kommune.

Det utvida kulturomgrepet ligg til grunn for denne planen, dvs. at ein tenkjer både på tradisjonelle kunst- og kulturuttrykk, lag og foreningar, det fysiske miljø med idrett og friluftsliv, fritid og tilgrensande samfunnsområde.

Kulturplanen vektlegg meir innhald, kvalitet og kreativitet i kulturlivet enn satsing på nye bygg og anlegg den neste 10-årsperioden, sjølv om det også framleis vil vere behov for investeringar.

 

Heile dokumentet kan du laste ned ved å trykke HER

 

Publisert 10.02.09